Jump to content

Helga

Medlem
  • Content Count

    134
  • Joined

  • Last visited

  • Days Won

    5

Helga last won the day on March 4 2018

Helga had the most liked content!

Community Reputation

727

About Helga

  • Rank
    Føll
  • Birthday 11/05/1988

Profile Information

  • Kjønn
    Kvinne
  • Fra
    Bergen
  • Hesterase
    Ridehest
  • Gren
    Sprang

Recent Profile Visitors

379 profile views
  1. Min fikk råte på seinsommaren i fjor. Kom separasjon utruleg raskt, då var det fuktig klima samt våt boks. Dvs. eg møkka berre ein gong per dag, men hesten går rett ut og inn frå luftegård og drassa med seg eit tonn med vatn heile vegen. For min del var Farriers formula heilt fantastisk. Etter tre rundar med skoing, ca 15 veker (Skor kvar femte), så var hovane så fine som dei aldri hadde vore før. Han har ikkje hatt verken sprekker, flising eller separasjon sidan. Denne hesten var ekstremt plaga med høvene sine.
  2. Det er jo litt både òg. Det er dumt å forkaste fantastisk materiale på grunn av eit "mindre" helseproblem også. Samt at ein ikkje kan seie sikkert kva som var opprinninga til OCD'en, meg bekjent? Det kan vel ver overfôring når unghest også? Synes eg leste det ein plass.
  3. Sezuan fikk vertfall dispensasjon.
  4. Helga

    Dressurvideoer

    Utruleg skjønn og sympatisk hest det ser ut som du har, @Mona! Ser at det er mange kommentarar om kniping av knær, men eg berre lurer på den salen din? Den gir deg ikkje mykje hjelp på sitsen tykkjer eg. Setet ser eitt hakk for lite ut, som igjen får det til å sjå ut som du ikkje får satt deg skikkelig ned i lettridninga og spretter deg litt oppatt. Eg ser du ikkje kjem skikkelig ned og rundt. Klart det ofte han mange fysiske årsakar, men eg tykkjer den salen ser ut som den er litt urettferdig med deg. Fungerer det å ha lengre stigbøylar, eller blir det ubalansert?
  5. Helga

    Forsikring

    Har forsikring hjå Agria, med; - Veterinær 100 000,- - Liv 100 000,- - Spesial - Halthet - Pluss Betaler 15 011kr i året. Har fleire gonger vurdert å fjerne liv, sidan hestane mine aldri dauer. Men har tenkt at eg då går på ein karmasmell og at hesten legg seg for døden dagen etter den er deaktivert. Har forsikra hjå Agria i ein milliard år, første gong eg har nytta forsikringa var no i haust. Det føltes nesten godt. Sidan det var gaffelbåndet, så har eg trengt MYKJE veterinærbesøk, medisinar, Shockwave, anna type skoing. Har nok kome opp i 50 000,- på reine utgifter på skada. Så eg klager ikkje i år. Alt har blitt dekka sporenstreks, og med jamnt over kort handsamingstid. Dessutan har dei dekka alt av kontrollar, røntgenbilete og ultralyd i massevis. Så er veldig glad for at eg har nytta dei!
  6. Rir mest lett, då hesten har store bevegingar. Eg er ikkje fit nok til å sitje skikkelig på han, så føler det er mindre slitasje enn å sitje ned i trav. Sit alltid ned ved vikningar og versadar.
  7. Tonje kjem om ca 1-2 veker, på Stord. Du får hive deg med då, @SiljeB :-) Godot er den beste hestebehandlaren eg nytta. Bruker henne annakvar månad, og ho har behandla gaffelbåndet til Udyret. Kunne ikkje vore meir nøgd. Samt at ein faktisk ser tydelege resultat på bevegelsesmønsteret til hesten etter ei behandling.
  8. Barberer gjerne rundt tre gonger kvar vinter. Hesten eg har no set meir pels enn ein bjørn. Har prøvd å auke dekken frå 400g til 600g etc, utan noko endring. Han har hatt ekstremt dårleg pelskvalitet, samt mykje gnag utan hyppig barbering. I år prøver eg ølgjær som tilskot, og merkar stor kvalitetsforskjel på pelsen etter knappe 3 veker. Så no er eg spent på neste shavings, og om det vert betre pelskvalitet som barbert denne gong. I år har han dog gått ubarbert utanom ein runde haust. Grunna skade. Ser ut som ein kvit villhest no, så skal verte godt å få skrella han.
  9. Før kjøpte eg alltid frå sunn hest. No har eg kjøpt både på amazon og ebay. Sunn hest fører ikkje den noko særleg lengre, så ofte tomt.
  10. Helga

    Fjordhest NM 2018

    NM skal faktisk vere der eg har hesten min oppstalla. Vert nok superkjekt! Utruleg fint senter me har, og byggearbeidet rundt pågår som berre det no.
  11. Vetrofen har eg nytta på to hestar, med synleg effekt. Er særs nøgd med det! Er dog dyrt og ikkje alltid like lett å få tak i. Me trur det synlegvis er endra hovfasong og trening i same perioda. Då hælen vart lav og tåa lang som følge av skotap på same foten, så er det mest plausibelt. Men kan også vere at han er byrja pirke på dei verkeleg samla øvingane i dressur, då passage og piaff. Slikt sett vil opptreninga vise om han slår ut på gaffelbåndet når me kjem til neste store treningsauke. Skal suppleringsfôre med vetrofen att, så snart han er 100% i gong.
  12. Hesten er friskmeldt utan nokon foreløpige konsekvensar eller følgeskadar. Rein i ultralyd og røntgen. Mest sannsynleg har belastninga stamma frå ein hovskade i sumar, då han mista store delar av hælen på ein hoven, etter ein bonanzatur på beite. Eg behandla med eigenkjøpt Photizo, DMSO, Shockwave annakvar veke og ice-vibe på knær, samt piper. Vetrofen-tilskotet vart også nytta. Hesten har no vore i opptrening i to vekers tid utan foreløpig haltheit. Han trynte i luftegården når det var snø dog, men kom heldigvis uskada frå det. Haha. Nett no har han ein tannspiss frå helvete på høgre side, så rir rodeohest på hackamore forløpig. Venter med å setje han skikkelig i gong etter tannoverhaling 8 mars. Tvi tvi. Takkar for alle flotte tips, dei har nesten alle blitt nytta :-)
  13. Men er den Photizo vetcare god nok? Eller bør eg behandle hjå nokon som har ein meir profesjonell maskin? Klinikkane han har vore på meiner han skal bli 100%, men ettersom det er draumehesten så vil eg ha noko eg kan forebygge og hjelpe til med i framtida. Er ikkje flust av behandlarar her i vest heller.
  14. Hesten min har fått påvist betennelse i gaffelbåndsfestet oppe på høgre framfot. Har no behandla med diverse i 3 månader, han er no 0,5 grader halt på høgre fram. Til no er han behandla med DMSO kortison, og hadde i går første behandling med shockwave. Får lov å skritte 2-3 turar på 30-40 min kvar dag. Får også trave korte travintervall på rett strekke inni der. Han er byrja å bli ei bombe å ri på, men skaden vert jamnt betre over tid. Det eg lurer på er om dykk har tips til andre hjelpemiddel eg kan nytte heime? Som urter, liniment eller massasje? Berre for å framskynde helinga enno meir. Har kjøpt ice-vibe belegg til beina og knea no, håpar at dette kan ver med å hjelpe i prosessen. Nokon som har vore borti dette? Blir han heilt fin att? Han har fine gaffelbånd ellers på UL, og er utruleg frisk generelt sett. Har også superfine røntgenbilete. Sett STOR pris på alle innspel om liknande skadar, historiar, ice-vibe etc.
  15. Helga

    Bilder i dressur

    Tusen hjarteleg! Ufatteleg nøgd med han :-D
×
×
  • Create New...