Jump to content

jilmavi

Medlem
  • Content Count

    1,936
  • Joined

  • Last visited

  • Days Won

    44

jilmavi last won the day on December 7 2017

jilmavi had the most liked content!

Community Reputation

8,811

1 Follower

About jilmavi

  • Rank
    Innridd
  • Birthday December 2

Profile Information

  • Kjønn
    u

Recent Profile Visitors

1,699 profile views
  1. Splash er som nemnt over her litt vrient å spå. Hesten er neppe homozygot, då ville du nok sett det på fenotypen, men det er mogleg å teste for å få svar. Det er ikkje eit veldig vanleg gen i varmblods ridehest, så sjansen for å støte på det i ein partner til hoppa er jo ganske låg. (Velj ein raud hingst utan/med lite avteikn, då er du veldig trygg! ;)) Som regel er det slik at desse genene får herje meir i en raud hest enn ein brun eller svart, men ingen regel utan unntak så klart. SLU testar for splashed white om du vil vite meir: https://www.slu.se/institutioner/husdjursgenetik/om-institutionen/hgenlabtest/hast1/
  2. Sårkanten vart større enn dei planla for di det var ein ganske stor beinbit dei måtte fiske ut, samt at dei måtte skylje leddet ein ekstra gong. Så det tok lengre tid enn normalt før såret lukka seg, pluss at ho dreiv med litt akrobatikk og slikt på boksen (klatra bokstavelig tala på veggen, faktisk :P), så eg tipper det ikkje er heilt vanleg å stå så lenge altså!
  3. Mi hadde jo artroskopi i juni -17. Ho sto veldig lenge på boks, var vel oppunder tre månader, men det var jo på grunn av litt ekstra komplikasjonar. Bokskvilen kom i første hand av at såret måtte lukke seg. Då det hadde skjedd, skulle ho vel stå fire veker til eller noko slikt, med leiing dei første to vekene og ut i sjukepaddock dei to neste - men eg veit ikkje om det hadde så mykje med inngrepet å gjere eller om det var for å tilvenje henne forsiktig til rørsle att; ho hadde stått på boks i to månader alt då. (Ho er utegangshest til vanleg). Ho ser ut til å vere heil frisk og fin så langt, i alle fall, sjølv om det ikkje er snakk om hard trening for henne enno.
  4. Ah, november, den kanskje minst motiverande månaden i året! Kva gjer de for å halde motivasjonen oppe? For oss er det iblant nok å berre ta inn, stelle og kanskje rusle ein liten tur og sjå/snuse på alt som finst på garden og i nærleiken. Men me jobber med å tilvenne bitt, og så håper eg me snart kan byrje å taumekøyre skikkeleg! Då kan me nemlig etterkvart både taumekøyre på lengre og lengre turer (iallfall når me har dagslys til det) og så smått starte innkøyring utover vinteren, om alt går bra. Litt skummelt å tenkje på at straks vinteren er over, er jo hesten tre år, og då må eg tenkje på å byrje å sitje oppå der!
  5. jilmavi

    Tips til navn

    Eg tipper det var Majid ho meinte, det tyder noko slikt som stor, mektig, storslagen, eksaltert. Majim tyder ikkje noko så vidt eg veit. Men då er det kanskje berre eit namn nokon tykte var fint (det er jo lov) ein gong i tida. Må innrømme at eg har grunna litt på dette i sånn 8-9 år
  6. jilmavi

    Tips til navn

    Har du fått vite kva Mahjiino skal tyde? Den forma der finst ikkje på standardarabisk iallfall, og dei to røtene det kan vere basert på (h-j-n eller H-j-n) er ikkje spesielt positive ord (det eine handlar om å vere bøygd eller skeiv og det andre å ta feil eller vere øydelagd :P). Kven er det som har gjeve han det namnet og kor har dei henta det frå?
  7. Eg har lusitano no. Eg liker at det er ein rase som er avla for å brukast til ulike typar bruksriding og dressur, og dimed for å vere funksjonell til desse formåla. Dei er smarte og lettlærte hestar som ofte er meir nysgjerrige enn redde. Dei har masse arbeidsvilje og -kapasitet. Det mest negative med rasen for min del er nok at veldig mange av dei er litt i overkant lettfôra og disponible for overvekt/EMS/forfangenheit. Utover det er eg glad i alle dei rasetypiske trekka ved lusitanoen. Førre hesten min ramla på ein måte ned i fanget på meg, men han var òg smart, følsom og nokså initiativrik. Den initiativrikdommen kan vere irriterande innimellom, men på same tid måtte eg jo berre akseptere at den hesten krevde enorm nøyaktighet og merksemd frå meg. Desse egenskapane har eg etterkort byrja å setje stor pris på. Eg vil helst ha hestane rimeleg smarte. Lusitanohoppa mi lærer ting lynkjapt, og lært er lært, så det sit jo òg resten av livet. Men eg må jo vere innmari oppmerksom og helst alltid litt i forkant, så klart. Eg tek heller det enn å måtte lære hesten at dekken ikkje er farleg tre vintre på rad. Ellers er ridbarheita deira òg viktig for meg. Eg har ingen planer om å konkurrere i noko som helst, men set allikevel stor pris på at hesten er både bygd og avla for ridning, og at ho har så lett for seg som mogleg når den tida kjem at me skal byrje med trening og ridning. Ellers kunne eg kanskje tenkt meg ein araber ein dag, om eg fann ein eg falt for og som kom frå bra linjer der bruk og holdbarheit sto i fokus. Grunnen er mykje den same som med lusitanoen; mitt inntrykk av araberhesten er at det er ein intelligent, venleg, modig og sosial hest med stor arbeids- og samarbeidsvilje. Dei er innmari responsive og følsomme på lik linje med lusitanoen, som vil seie at dei er svært oppmerksomme på og vare for min energi og mitt kroppsspråk, og dimed svarar dei kjapt, presist og kontant når eg kommuniserer med deg. På godt og vondt.
  8. Jo, eg er berre usamd med deg, men det er vel ikkje så konstruktivt å krangle om det i ein debatt som handlar om noko større enn kva eg personleg meiner om hestane.
  9. Eller 3: Noko blir oppfatta som press av ein person, men ikkje av ein annan. Slike ting er jo veldig subjektive. Eg satte spørsmålsteikn av same grunn som deg. Nei, eg har aldri kjent på press, for eg bryr meg fint lite om kva framande måtte meine om mine val så lenge det ikkje direkte angår dei. Men eg har jo sett folk pushe både den eine og den andre rasen på andre, både bedt og ubedt, og stikk i strid med det dei sjølv seier dei er interessert i. Dei siste par åra har eg ikkje vore spesielt aktiv på hesteforum korkje her eller på Facebook, så eg aner ikkje kor utbreidd det er. Det kan godt hende eg bit meg meir merke i slike ting enn andre gjer, for det er jo ganske ulikt kva me legg merke til generelt. Men det blir det ikkje for meg. Eit meir interessant spørsmål enn det eg stilde i 2013 er kanskje kven det er som har ansvaret for framtida til dei norske hesterasene? Er det eigarane, raseforeningane, staten, alle norske hestefolk, alle nordmenn, eller kven kan det vere? For sjølv om eg ikkje har kjend meg pressa til å skaffe norsk hest, så får eg iblant inntrykk av at det er eit slags kollektivt ansvar og at ein nesten er skuldig å eie minst ein norsk hest om ein har kapasitet til det. Men det kan jo vere eg som tolkar ting med vrangvilje (det hender ;)). Kva tenkjer de?
  10. Det er nok ikkje du og andre som har norsk rase som merker det presset best? Og jo, dei norske rasene (og andre tilsvarande hestar) er nok generelt mindre følsomme (eller responsive) enn hestar som står høgre i blod. Det er ikkje mykje vits i å argumentere mot det, slik er det berre. Folk har ulike behov og preferanser, det er jo ikkje slik at ei rase er objektivt betre enn ein annan. Alle har ulike sider og eigenskapar, så det er vårt ansvar å velje hest (rase og individ) som passar oss sjølv. Men hest er ikkje berre hest, det blir ikkje berre kva du gjer det til.
  11. Men kven skal bestemme kva andre folk treng eller ikkje treng i ein hest? Eg trur det er her ein del av motvilja kjem frå, når me får øyrene tuta fulle med at norsk hest er bra nok for oss som ikkje skal satse internasjonalt for di dei som har norsk hest ikkje greier å sjå at det kanskje er andre grunnar til å velge annan rase enn at ein er snobbete eller har for høge tankar om seg sjølv.
  12. Det med farge var vel dropa som fekk begeret til å renne over for meg i si tid. No i det siste har eg ikkje fulgt så godt med på kva som rører seg i dei ulike rasene, så eg veit ikkje om eg tykkjer det er blitt betre eller verre, eller ingen endring. Eg tykkjer vel framleis det er litt håplaust å velje bort ellers gode og sunne potensielle avlsdyr med fargeavvik (anten det er dobbelt gulgen eller for mykje kvitt) i så små populasjonar, men om det er det folk vil, så...
  13. Eg tenkjer som dei fleste her at hesten min pent får tåle det som måtte komme, det vere seg trafikk, ungar, andre ekvipasjar eller kva som helst. Det er mitt ansvar å sørge for at hesten takler det og at eg greier å unngå situasjonar som kan bli farlige, dette ved å lese hesten, ta riktige valg og så klart førebu hesten så godt som mogleg på livet generelt. Eg forventer dimed ikkje at andre skal ta spesielle omsyn til oss, og eg forventer same sak av andre så langt det er rimelig. Men eg er likevel alltid meir forsiktig kring andre hestar, spesielt dei eg ikkje kjenner godt, for di ein aldri veit med spesielt ukjende hestar. Men akkurat lause hundar er eg ikkje glad i, og det har fint lite å gjere med hestane mine. Der Hugo sto i Oslo var det ofte lause hundar, og veldig mange sprang fritt medan eigar pusla med ting inne i stallen eller av andre grunnar ikkje hadde oppsyn med hunden. Det førte til mange farlige situasjonar, ikkje minst for hundane! Lause hundar som spring på ridebana medan folk rir, det er jo først og framst ein sikkerheitsrisiko for hundane, som i verste fall blir sparka eller trampa ihjel. Ei dame som kom jamnleg og underviste pleide å ha med seg to retrievere som sprang langt inni skogen for seg sjølv medan ho instruerte. Ille nok i seg sjølv, men ein dag presterte ho å koble dei saman med eit kort lærkobbel slik at dei var festa i kvarandre. Så vimsa dei overalt på det viset, under gjerder, gjennom stallgangen og mellom hestebein. Eg måtte jage dei vekk frå beina til min. Han var rett nok både snill, tålmodig og vant med langt verre ting enn hundar, men eg kan neimen ikkje gå god for kva han kunne gjort om to middelstore hundar hadde surra seg kring bakbeina hans altså. Tl;dr: eg forventer at både hestar og folk oppfører seg fornuftig, men det skjer oftare at folk skuffar meg enn at hestane gjer det.
  14. Left og right brain, sikkert?
  15. Brunt er svart med eit ekstra gen. Det ligg ein fargegenetikktråd her ein plass, der står det forklart etter beste evne.
×
×
  • Create New...