Hesten min har fått påvist betennelse i gaffelbåndsfestet oppe på høgre framfot. Har no behandla med diverse i 3 månader, han er no 0,5 grader halt på høgre fram. Til no er han behandla med DMSO kortison, og hadde i går første behandling med shockwave. Får lov å skritte 2-3 turar på 30-40 min kvar dag. Får også trave korte travintervall på rett strekke inni der. Han er byrja å bli ei bombe å ri på, men skaden vert jamnt betre over tid. Det eg lurer på er om dykk har tips til andre hjelpemiddel eg kan nytte heime? Som urter, liniment eller massasje? Berre for å framskynde helinga enno meir. Har kjøpt ice-vibe belegg til beina og knea no, håpar at dette kan ver med å hjelpe i prosessen.
Nokon som har vore borti dette? Blir han heilt fin att? Han har fine gaffelbånd ellers på UL, og er utruleg frisk generelt sett. Har også superfine røntgenbilete.
Sett STOR pris på alle innspel om liknande skadar, historiar, ice-vibe etc.