Gå til innhold

Søk i nettsamfunnet

Viser resultatet for tags 'farger'.

  • Søk etter tags

    Skriv inn nøkkelord separert med kommaer.
  • Søk etter forfatter

Innholdstype


Kategorier

  • Drift og utvikling
    • Informasjon og retningslinjer
    • Spørsmål og tilbakemeldinger
  • EquiForum
    • Hesteprat
    • Rytterprat
    • Stevneprat
    • Unghesten
    • Avl og oppdrett
    • Hesteraser
    • Fóring og ernæring
    • Hestens stell og helse
    • Hov og hovstell
    • Trening og adferd
    • Utstyr
    • Transport, import og eksport
    • Oppstalling
    • Diverse
  • Hestesportsgrener
    • Dressur
    • Sprang
    • Trav og monté
    • Tølt og pass
    • Western
    • Kjøring
    • Andre sporter/områder
  • Kjøp og salg
    • Hest selges
    • Hest kjøpes
    • Utstyr selges
    • Utstyr kjøpes
    • Hest på fór
    • Diverse tilbys/ønskes
  • Generelt (krever innlogging)
    • Diverse snikk-snakker

Finn resultater i...

Find resultater som..


Startdato

  • Start

    Slutt


Sist oppdatert

  • Start

    Slutt


Filter etter...

Ble med

  • Start

    Slutt


Gruppe


AIM


MSN


Website URL


ICQ


Yahoo


Jabber


Skype


Kjønn:


Fra


Hesterase:


Gren:

Fant 2 resultater

  1. jilmavi

    Fargegenetikk

    Det er vel greit å ha ein fargegenetikktråd her inne òg? Eg ser over og legg ut frå den gamle tråden på FH samt bloggen, så får me alt på ein plass frå første stund! Del 1: Introduksjon til genetikk For å forstå hestens fargar, må me vite litt om genetikk. Genetikk er læra om gener, og gener er som kjend eininger i kroppen som inneheld informasjon om arvematerialet.Gena sit på kromosom, som finst i to variantar: X-kromosom og Y-kromosom. Hestar har 64 kromosom, altså 32 par, i kvar celle i kroppen utanom kjønnscellene der kromosoma ikkje opptrer i par. Her finst arvemassa som avgjer korleis hesten skal sjå ut, både på utsida og innsida. Hesten får eitt kromosom i kvart par frå mora og eitt frå faren. Arvemassa kallar me altså gener. Kvart gen sit på eit locus (latin: stad, plass. Fleirtal: loci), og på kvart locus er det plass til to kopiar av genet som høyrer heime der. Dei to kopiane kallar me allel. Dei to allela kan vere like eller ulike. Dersom ein hest har to like allel på eit locus, seier me at hesten er homozygot for det allelet eller den eigenskapen. Dersom han har to ulike allel, er han heterozygot for allelet/eigenskapen. Det kan vere to eller fleire allel på eit locus, men hesten kan naturleg nok berre ha to av dei på ein gong. Gener kan vere recessive (vikande), dominante eller inkomplett dominante. Viss eit gen er dominant, trengst det berre ein kopi av det for at eigenskapen det styrer skal kome fram. Dersom det er recessivt, trengst det to kopiar. Dei inkomplett dominante skal eg kome attende til seinare. Alle kartlagde gener har namn, stort sett nokre tal og bokstavar. Til dagleg bruker me som regel ein eller to bokstavar når me skal snakke om gener. Det dominante allelet skriv me med stor bokstav, og det recessive skriv me med liten bokstav. Det er ikkje alltid me kan vite om ein hest har eitt eller to dominante alleler, og då setter me ein strek i staden for det allelet me ikkje kjenner. Uttrykka «dominant» og «recessiv» brukast berre om alleler på same locus. Nokre fargegener kan overstyre andre fargegener på andre loci. Då seier me at det genet som overstyrer det andre genet på det andre locuset er epistatisk. Det genet som vert overstyrd, kallast hypostatisk. Til slutt vil eg poengtere skilnaden mellom genotype og fenotype. Genotypen er heile hestens genoppsetnad, altså dei faktiske allela som finst på kromosomane hans. Fenotypen er utsjånaden hans, altså korleis genene kjem til uttrykk så me kan sjå det med det blotte auge. Fenotypen påverkest sjølvsagt òg av eksterne faktorar. Det er vel verdt å hugse at to fenotypisk like hestar kan ha svært ulik genotype. Kryssingsskjema Som ei lita øving er det fint å setje opp kryssingsskjema for å skjøna korleis dei enkelte gena blir nedarva. Genetikarar og forskarar har sjølvsagt langt meir effektive reiskapar å arbeide med, men for nybyrjarar er dette eit godt utgangspunkt. Det er veldig enkelt å laga eit kryssingsskjema. Alt du treng er ein liten tabell som ser slik ut: Opphavsmann: Madprime, Wikimedia Commons - http://en.wikipedia....del_flowers.svg Teikningane er valfrie! Men tabellen ser altså slik ut. I dømet vårt er det to blomar som både er heterozygote for ein eigenskap, nemlig fargen lilla. Denne fargen er dominant, slik at både blomane er lilla sjølv om dei berre har ein kopi av genet for lilla farge. Sjølve tabellen, dei fire boksane med kvar sin blome i, viser kor sannsynleg resultatet av ein parring mellom dei to foreldreblomane er. Altså: Det er statistisk sett 75% sjanse for at blomeavkommet blir lilla slik som foreldra. Av dei er det 1/3 sjanse for at blomen blir homozygot for lillagenet. Alt i alt er det 25% sjanse for homozygot lilla (den gule ruta, BB), 50% sjanse for heterozygot lilla (dei grøne rutene, Bb), og 25% sjanse for kvit blome (den lilla ruta, bb). Den kvite fargen er recessiv, så blomen må få genet for kvitt frå både foreldra for å kunne bli kvit.
  2. Har muligens bestemt meg for at mine skal få inn en tur på natta neste vinter. Har jo stall, men skal male boksene i sommer tenkte jeg. Tenkte på hvitt, men den blir jo ikke hvit så lenge antar jeg, men hadde jo vært kjekt med noe som var litt lyst . Hvilke farger bruker dere i boksen? Har dere noe som er superduperkjekt i boksen?
×